tirsdag 29. desember 2009

nyttårsforsett

I dag har fyrste del av dagen gått med til god frukost, mykje kaffi, radio, idémyldring til ny, fin blogg og munnspeløving. Mine nyttårsforsett skal vere å gjennomføre idéane eg har til ein ny blogg og å lære meg å spele minst éin song eg likar på munnspel. Gjennomførbare og greie forsett vil eg sei. Kva er dine?

mandag 28. desember 2009

I dag er det..

..raud leppestift-dag



..bakedag



..Ray Charles-dag

kva dag har du i dag?

fredag 25. desember 2009

latterkule og lykkyl



i kveld lo eg så hardt som eg aldri har gjort før. nåja, vertfall hardare enn eg har gjort på ei veldig lang stund. det var ei av dei latterkulene som plutseleg kjem for å bli. eg lo så eg grein. bokstaveleg talt. det var under kokkelimonkespelinga med mamma, pappa og bror min. det er godt å tømme seg for latter no og då.

i spelet kom vi over eit ord som alle greidde å gjette (og det er skjeldan i kokkelimonke). Veit du kva ordet "lykkyl" frå gamalnorsk tyder?

kvar ein augneblink frå no av

eg gler meg storleg til kvar ein augneblink i resten av mitt liv. til kvar himmelske og kvar falske tone eg skal høyre, kvar duft, men òg kvar stank som skal gje meg kriblingar, gode eller vonde, i kroppen. eg gler meg til smil under store bartar, til å tørke tårer på raude kinn. eg gler meg til alle mine fyrstegongsopplevingar og til dei tinga eg etterkvart kan gjere i blinde og med begge armane på ryggen. eg gler meg til hemmelege blikk, latter i seine nattestimar, reiser til stader som berre ligg der og ventar på å bli oppdaga og likeins til at framandfolk skal verte kjentfolk. eg gler meg til å verte overraska over å finne ut kor glad eg er i nokon, til klemmar som varmar meir enn kakao og ein peis når du har vore ute i snøen, til ord som leikar seg på blanke ark og som kanskje får meg til å smile, eller le, eller grine.


og eg vil nyte kvar ein augneblink. kvar ein augneblink frå no av.

torsdag 24. desember 2009

Hugsar du den gongen...

"minne, minne på en pinne
det var alt jeg kunne finne"

..står det så fint i minneboka mi frå barneskulen. Men eit minne er då ikkje berre berre. Minner er for meg gull verd. På pinne eller ei.

Det er fint å hugse tilbake til den gongen mamma tok oss ungar med seg ut i mørkret ein kveld det var venta ein regnskur av stjerneskot. Eg hugsar at vi låg der på ryggen i snøen og såg på stjernehimmelen. Eg anar ikkje om vi såg stjerneskot, men fint var det, og fint er det å tenkje tilbake på.

Eller meir nyleg: den gongen eg og syster mi reiste til by'n for å kjøpe julepresangar og vi måtte gå arm i arm heile dagen fordi eg, uvetug som eg kan vere, hadde teke på meg glatte sko med høge hælar som ikkje gjekk så bra på gatene som var isete og slapsete. Om nokon hadde følgd etter oss heile den dagen hadde dei fått seg ein sabla god latter. Det såg nok ut som syster mi hadde med seg ein fyllik på bytur, eller ein pasient av eit eller anna ustabilt slag som ho skulle passe på.

Minne, minne på ein pinne..

Fortel meg eit fint minne du har, då vel!

søndag 20. desember 2009

Tekoppar

Eg vil
samla på gleda,
fylla henne
i små fine tekoppar,
og ta ho fram
når dagane er vonde.
Eg vil fylla mitt hus,
setja dei
i hyller og skap,
finna små overraskingar
når eg opnar,
for gleda er
ein handfast ting.
Spent vil eg kikka
oppi ein kopp,
som alle har ulike mønster,
frå alle kantar
av livet.



Av Reidun Fjereide Algrøy frå diktsamlinga hennar Mellom menneske


onsdag 16. desember 2009

J+P+G+R = SANT


bilete
Som godgutane sjølv ville sagt; alt du treng er kjærleik.